Frelsande dåp

Den kristne apostoliske dåpen er ei enkel handling med grensesprengande åndeleg verknad. Dette illustrerte bibelstudiet har som mål å gi nytt lys og djupare forståing av kva Gud gjer i dåpen. Bibelstudiet er ei hjelp til å få svar på fleire av dei spørsmåla mange grunnar på når det gjeld dåp: Kven kan bli døypte? Kva er dåpen si rolle i frelsa? Kva er samanhengen mellom dåp og tilhøyre til den kristne forsamlinga? Kven handlar i dåpen? Rikdommen i dåpen blir granska ut frå vinklingar og deler av Skrifta som ikkje så ofte blir brukt i samanheng med dåp.

Forfatter: Lars Gunnar Solheim / Utgiver: Kristent-Fellesskap i Bergen
ISBN: 978-82-998189-4-0 / Antall sider: 208
Utgivelsesår: 2012